Ikkje spesialbase ved Nordbygdo U-skule førebels

Det er i denne delen av Nordbygdo U-skule det kan koma ny base – om helsestasjonen blir flytta. (Foto: Steinar Hystad)

I sist møte i Utval for oppvekst og kultur, reiste Fredrik Mettala (Frp) interpellasjon kring eventuelle planar for etablering av base for elevar med særskilde behov på Nordbygdo U-skule. Det kan vera mogleg å få dette til om ein tek i bruk noverande lokale for Nordbygdo Helsestasjon  i austre del av skulebygget.

Kommuneleiinga gav følgjande svar:

Stord ungdomsskule og Nysæter ungdomsskule har tilrettelagde avdelingar for elevar med særskilte behov for fysisk tilrettelegging i skulekvardagen. Dette er eit tilbod til elevar på ungdomstrinnet i Stord kommune som treng slik tilrettelegging, men elev/føresette kan velja at eleven går på nærskulen og får det opplæringstilbodet nærskulen kan gi. Dersom helsestasjonen vert flytta frå Nordbygdo ungdomsskule vil lokala ein i dag nyttar til helsestasjon kunna vurderast ift. ein base for elevar med særskilte behov for fysisk tilrettelegging i skulekvardagen. Ei slik endring føreset mellom anna at ein har nye lokale til helsestasjonen.

Område oppvekst og kultur har fått i oppdrag å gjera store innsparingar i samband med budsjett og økonomiplan, og kommunedirektøren held på med ei utgreiing av skulestrukturen i kommunen både grunna kommunen sin økonomiske situasjon og elevtalsframskrivingar som syner at det vert færre elevar i Stordskulane i framtida. Dersom det skal etablerast ein base for elevar med særskilte behov for fysisk tilrettelegging i skulekvardagen ved Nordbygdo ungdomsskule vil det vera naturleg at dette kjem fram i ein revidert skulebruksplan, og kommunedirektøren tilrår ikkje at dette vert ei eiga sak. Kommunedirektøren ønsker å minna om at tilsette i oppvekst jobbar med satsinga Kompetanseløftet for spesialpedagogikk og inkluderande praksis fram til 2025, med mål om at «alle barn og unge opplever et godt tilpasset og inkluderende tilbud i barnehage og skole» (kjelde: Utdanningsdirektoratet sin nettstad).