Fullt på alle parkeringsplassar på Vikhaugane onsdag føremiddag, og såleis rimleg stor fare for at i alle fall ein av dei kan køyra seg nedi eit gedigent hol i tilførslevegen til området. Såpass djupt at det er trong for ein god last med asfalt, levert på staden så snart som mogleg.