Ber om deaktivert bilalarm

Oppslaget på  døra inn til trappeoppgang og salong. (Foto: Steinar Hystad)

Opp med armen, alle som har opplevd at ein bil nær din bil har byrja blinka med  lysa og senda frå seg intense tute-lydar  på ferjedekket? Om me ikkje kan sjå alle armar i veret, er det rimeleg sikkert at me er mange som har irritert oss over desse alarmane som heilt utan grunn ureinar lydbiletet på ferja  – særleg i sambandet  Halhjem – Sandvikvåg (og andre vegen)  Av den grunn er det kome oppslag om bord som ber bileigaren deaktivera bilalarmen før ein låser doningen og går opp i salongen.

«Et enkelt grep frå deg – skaper  ro og trygghet for alle om bord», lyd bodskapen.