Spesielt sentralt takskjegg

Det meste veks oppover – under betongtaket veks grøne planter nedover… (Foto: Steinar Hystad)

Om du går framom innkøyrsla til parkeringsanlegget under Backertunet, får du deg ei spesiell aha-oppleving om du rettar blikket mot betongtaket. Der veks det grøne planter, feil veg.. Hengande hage, er eit ordspel som er freistande å bruka. Takskjegg eit  anna. Kva type planter me ser, er me usikre på, men det kan verka som eitkvart i bregnefamilien. Grøne er dei.