
På strekningen mellom Skotet og vegkrysset mot Færøysund er det kome på plass ny lyssett gang- og sykkelveg langs E39. Men anleggsarbeidet er ikkje heilt ferdig før høgdeskilnaden mellom europaveg og gang/sykkelveg er jamnast ut på strekket som no markerer seg med mellombels murvoll over ein mindre bakketopp. Etter det stordront kjenner til ventar ein på endeleg klarering for kvar det skal lagast avkøyring til eit steinuttak som skal etablerast i området. På nemnde strekning er det enno nedsett fartsgrense.
