På den snøfrie brune grasmatta ved utløpet av dei nye tunnelane på E39 i Os, beita sju hjortar då stordabuen køyrde mot ferja i halv tre-tida natt til søndag. Fem av dei i flokk tett ved europavegen, to oppe ved vegen til Hagavik. Hjortane var tydleg vane med bilar som suste forbi, og vane med sjåførar som stoppa, firte glaset på førarsida og tok fram mobilen for eit knips og to. Nokre av hjortane retta seg formeleg opp i nakken for fotografering. Spesielt ja, men også skummelt med tanke på fart og trafikk langs det gjerdelause beitet. Så ver obs på kar du kan møta på veg ut av 100-km/t tunnelen.