39 frå Stord Teaterlag si barne- og ungdomsgruppe på scenen, eit stort tal foreldre og andre hjelparar bak scene-teppet, topp musikarar (litt) nedfor scenen, baud over to helga på fire feiande flotte framsyningar av Alice i Eventyrland i storsalen i Kulturhuset. Tett på 1400 billettar vart selde, noko som stadfestar at teaterlaget med alle sine gode krefter jobba fram ein ny publikums-fulltreffar. Dei som ikkje fekk høve til å sjå forestillinga denne gongen, kan kryssa av for Teaterfestivalen litt seinare på våren. Då skal skodespelarkunstene visast igjen.