Tilbakeblikk 19/01/23: «Uvissekrysset» blir det sagt på folkemunne om krysset der kommunale Langelandsvegen koplar seg til fylkeskommunale Verftsvegen. Uvissa skriv seg til kven som skal vika for kven? Gjeld den heilt vanleg «høgre-regelen», eller? Trafikken er jamt stor og det blir ein del uvisse-stopp kvar dag, og mange er dei som meiner ei rundkøyring på staden ville løyse køyraflokane.
– Det er me samde om kommunalt også, seier ordførar Gaute Epland til stordront.no. Han viser til at ønskje om rundkøyring i krysset er teke inn som ønskje og moment i den nyaste trafikksikringsplanen. Utfordringa i saka er at gjeldande veg er fylkeskommunal og i planane der har ikkje prosjektet på Stord nokon framskoten prioritet – førebels.