Helse Fonna har svært gode resultat på mange fagområde, særleg innan kreftbehandling. I tillegg går både ventetid og talet på fristbrot nedover. Dette melder helseforetaket sjølv på sine nettsider.
– Helse Fonna har svært gode resultat for mange kvalitetsindikatorar. Det er også indikatorar som viser svakare resultat, og der forbetringspotensialet er stort. Det må arbeidast kontinuerleg i dei ulike klinikkane og avdelingane med forbetring innan område der det er svakare resultat. Samtidig må vi sørgje for å oppretthalde kvaliteten der resultata er gode, oppsummerer administrerande direktør Anders Hovland i samband med at styret fekk ein gjennomgang av kvaliteten i helsetenestene.