På eit platå 315 meter over Atlanterhavet sør på Gran Canaria, veit soga å fortelja at der er det spor etter naturkjære nordmenn. Det som ein gong for nokre tiår sidan var ein plass ein kasta bos av ymse slag frå seg i løynd, er etter norske initiativ og felles canarisk/norsk ryddesjau, blitt eit utfartsmål av dei store på den gilde øya. Ordføraren i Mogan kommune tende på ideen frå norske turistar og der det ein gong var søppel vart det planta til med palmar og sett ut rasteplassbenker. Eit turmål halvannan times tid frå Arguinegin og like langt frå Puerto Rico.
Når bakkar opp frå sjøen er forserte, ventar flatt lende og utsikt som begeistrar. Gåtrafikken er stor og naturleg nok er det flest norske dialektar å høyra. Å gå tur er norsk kultur, som me alle veit.