«Attende til moderkyrkja»

Utviklingstrekk i  Den norske kyrkja og Den katolske kyrkja

Stord Kyrkjeakademi inviterer til temakveld med Torbjørn Holt i det nye kapellet for den katolske kykjelyden på Stord. Torbjørn Holt har vore sjømannsprest i London i mange år. For nokre år sidan konverterte han til den katolske kyrkja. Denne kvelden vil han snakka om sin veg til «moderkyrkja». Kva var grunnane til denne endringa? Kva ser han av utviklingstrekk i det norske kyrkjelivet?

Dette er òg eit fint høve til å sjå det nye kapellet til den katolske kyrkjelyden på Stord. Dei overtok Nordbygda bedehus i 2021, og det er no innvigd til deira gudshus. Innganspengar kr 150.- (billettar ved inngang)