Revkrok og OL-liggjing – eit 30-års minne

Vestenfjeldste Revkroklaug var til stades under «tidenes beste vinterolympiade» på Lillehammer i februar 1994 (Foto: Privat)

Best olypics ever, konkluderte OL-presidenten etter 14 fantastiske dagar på Lillehammer 12. til 27. februar 1994. 53 stordabuar gjorde seg godt bemerkte i mjøsbyen. Kjell Storelid, med to sølvmedaljar etter fantastiske løp på 5 000 og 10.000 meter. Dei 52 andre stilte til start for Vestenfjeldske Revkroklaug og hausta fagning, for både humør, humor og ivaretaking av ein tradisjonssport. Men korleis kom dei seg til OL? Her er soga, henta frå andre bandet av «Sant og usant frå den Sunnhordlandske lygarbenken»:

Dette med å liggja med kvarandre blir omtalt til å vera både usømeleg og triveleg og i visse samanhengar ganske naturleg. Våre tankar går i sistnemnde samanheng til revkroken og utøvande av denne urgamle norske idrotten, der båe tevlarar startar med å liggja på rygg …

Kring 1990 hadde liggjing på dette viset ei sterk blømingstid på Stord. Den gamle fellen etter ein avliden grabukk frå Uføro-traktene vart sendt på reinsking og alt støv vart blese bort frå liggjenormalen af 1803 og fana vart atter heist for Vestenfjeldske Revkroklaug.

25 år seinare kan det vera meir enn på sin plass å gje ei rask summering av starten på gladskapen. Bjørn Arve Lunde var den gong vertskap på utestaden Meieriet i tidlegare lokala til Meierikafeen i Osen på Vikjo. Han hadde pønska på noko gøyalt for å få fart på fredagskveldane.

– Har du tru på revkrok, spurde Lunde ei morgonstund han stakk innom redaksjonslokala i Bladstova.

– Garantert sukkess, meinte skrivaren av desse ord.

– Då må me laga ei god soge om bakgrunn og gjerne leggja til at me siktar oss inn på liggjing på høgt nivå med OL-deltaking på Lillehammer som rimeleg reelt mål, fantaserte ein skoggleande Lunde.

På fri fantasi vart det snikra ei sannferdig soge kring oppstoda til liggjeidrotten i vår del av verda. Høgst usikre kjelder meinte å vita at det var hardingane frå Ullensvang og der i kring som var opphavet og at dette var eit haustleg pærefenomen frå dei eldste gamledagar. På den tid segla dei frå Lofthus til Bergen med nyhausta frukt. Det tok si tid og det var ikkje meir enn å venta at det vart ete av lasta, så når båt og mannskap nærma seg utløpet av Hardangerfjorden på sein ettermiddag var det med oppblåste magar og stor glede dei såg Litla Storabrandvikjo på Huglo med sine innbydande grøne bakkar. Der venta Mikael F. Storabrandvik og liggjelystne slektningar på hardingane som steig i land og var prompte klare til tvekamp. Etter ein dag med pæreeting og vom stor som hjå ei gravid i sjuande månad, skulle det bli godt å letta på trykket. Men før sjølve revkroktevlinga skulle det vera førespel, der dei medverkande vart para gjennom felles pæredans og utveksling av gåver.

Illustrasjon av fana til Vestenfjeldske Revkroklaug henta frå «Sant og usant frå den sunnhordlandske lygarbenken 2». Illustrasjonen er laga av Magne Bjelland.

Så langt me kjenner til, er det enno ikkje kome motsegn til denne tvilsame teorien kring revkroken sin oppstandelse. Og mykje skamløyen oppstandelse skulle det bli dei neste 1990-åra. Liggjinga på kafegolvet på Meieriet utvikla seg til EM med eige charterfly og finale i London.

Den kjende utanrikskorrespondent i NRK , Annette Groth, kjende sitt ansvar og møtte opp i Covent Garden for å skildra det heile for det norske folk. Lunde vart intervjua og svarte så alvorleg på spørsmål kring Revkroklauget og 1803-normalen, at opptaket måtte gjerast fem gonger fordi NRK – folket braut ut i lått etter lått. Men Lunde klarde halda på seriøsiteten og formidla at målet var å få den liggjande idrottsgreina opp og fram der revkroken med fullt orkester høyrde heime – i OL på Lillyhamer.

Og slik blei det. Vestenfjeldske Revkroklaug af 1803 vart ein suksess i det folkloristiske OL-programmet.