Svømte i farne tider rundt Stordøy!

Kjevebeinet frå grønlandskvalden frå Stord er utstilt i museet i Bergen. (Foto: Steinar Hystad)

Tilbakeblikk 02/02/23: Ein nyfødd  grønlandskval veg 1000 kilo. Godt vaksen er han blitt mange tonn og rundt 20 meter lang og han kan nå opp i 200 år. Sjødyr av denne storleiken svømte for mange tusen år sidan langs kysten vår og i farvatnet  rundt Stordøy.  Beviset, i form av eit  langt kjeveparti/bein frå ein  grønlandskval, er å finna i  utstillinga på  Naturhistorisk museum i Bergen. 

Beinet vart funne under graving på Sæbø Gard  på slutten av 1980-talet. Det låg på berget 5.5 meter under overflata  godt bevart i grushaldig leire. Det må ha vore litt av eit dyr som stranda  i  stranda der.