Så blei da veldig kvitt, igjen

– Nå nei, sa dei som har med veret å gjera. Så la dei til: – Må ‘kje tru heilt at våren er rett ront Skjersholman, fordi om me hadde prøveslepp av lett vårluft nokre dagar.  Det er meir vintertemp og cirka ein meter snø som må ut frå lageret før me kan pøsa på med vår igjen. Det kan såleis vera eit trøyst at vårprøven for eit par veker sidan vert meldt å vera  godt vellukka. Der er altså berre å lena seg på og sjå framover.

Nokre fyndord med på ferda inn i ny helg:
-I stilla er alle gode sjømenn
– I mangel på brød, kan du eta pannekaker
– Ikkje alle gir same lyd frå seg
– Håpet er det siste ein slepp frå seg

Me held fram med godbitar frå den tidlege Stordamålet, samla av Ola Høyland
Gjæla = kåtleik, sjau av yre ungdomar
Gjø = månaden mars
Gjø =  feita opp
Gjøla = smeikja, smigra
Glima = sterkt skin som er vondt å sjå imot