Påmelding til Folk i sentrum 2024

Eit utsnitt av marknadsplassen i høve dagen i juni 2023. (Foto: Steinar Hystad)

Folkefesten Folk i sentrum vert arrangert 6. – 9. juni. Stord kommune saman med næringsliv, frivillige lag og organisasjonar står bak arrangementet med mål om å fremja helse, trivsel og fellesskap.

Laurdag 8. juni kl. 10-15 vert det folkefest i og rundt hamna i Leirvik sentrum. Her blir det aktivitetar og tilbod for liten og stor! Dei som ønskjer å bidra med stand, aktivitet eller anna desse dagane kan registrera seg via registreringsskjema for folk i sentrum 

Siste frist for påmelding er 20. mai.