Ikkje ekstrasak om kyrkja og pengar

(Foto: Steinar Hystad)

I formannskapsmøtet tysdag stilte Edgar Damås (Ap) ordføraren følgjande spørsmål om Stord kykje og økonomien:

«I ekstraordinært formannskapsmøte 15.01.24 vedr. stenging av Stord kyrkje fremja Stord Ap sine representantar forslag om å invitera kyrkjeleg fellesråd til å orientera formannskapet eller eventuelt kommunestyret før sommaren i år. Tidlegare har det vore praksis for at kyrkjeleg fellesråd orienterte formannskapet årleg i samband med budsjetthandsaminga. Slik orientering er også eit av tiltakspunkta kommuneadministrasjonen og kyrkjeleg fellesråd kom fram til i møte 04.01.24 for å betra informasjonsflyten mellom kyrkja og kommunen.

Som følgje av KrF, V, H og FrP-koalisjonen sitt kutt i kyrkjebudsjettet for 2024 er det sett i verk ei rekkje ekstraordinære sparetiltak og bruk av så godt som heile den delen av disposisjonsfondet som ifølgje kyrkja er bygd opp av kommunalt tilskot. Me er glade for at kyrkja klarte å gjera grep som gjorde mogleg å opna kyrkja igjen. Samstundes er me uroa for kva som vil skje om noko uføresett skulle oppstå i løpet av året når ein no legg opp til å kutta til beinet og bruka opp heile sparekontoen.

I tillegg er det framleis ulike oppfatningar av kyrkja sitt disposisjonsfond. Dette bør avklarast, og kommunen og kyrkja bør komma fram til ei felles forståing av fondet og kva det kan nyttast til. På denne bakgrunnen vil eg på vegner av Stord ap igjen oppmoda ordføraren til å invitera kyrkjeleg fellesråd til å orientera formannskapet i junimøtet i år. Eg viser til politisk reglement § 18-5 der ordførar i lag med kommunestyret/utval har høve til å setja opp denne typen orienteringar i samband med politiske møte.

Ordførar Sigbjørn Framnes (Frp) gav dette svaret:

– Ordførar har ikkje noko meir svar utover svaret som blei gitt i ekstraordinært formannskap 15.01.24. I samtalar med kyrkjeleg fellesråd er det orientert at fellesrådet kan ta kontakt med kommunen om det vert noko ekstraordinære kostnader gjennom året. Denne praksis er så langt eg kan sjå vidareføring av tidlegare praksis. Ordførar legg ikkje opp til ei slik orientering i juni møtet, men ynskjer å få ei gjennomgåing med kyrkjeleg fellesråd i septembermøtet. Dette for å førebu budsjettåret 2025