Usikkert for nytt dekke på denne vegen

Asfaltdekket på Fjellgardsvegen byrjar bli rimeleg slite somme strekningar. (Foto: Steinar Hystad)

– Kva skjer på Fjellgardsvegen, strekningen  frå avkøyrsla til Vad – Haugland, der er både nye asfaltkantar og så er det  store  sår i gamalt asfaltdekket.   Vegen er stykkevis ganske så sliten, er det reprasjon på gang?

Dette var spørsmål Stordront melde inn til Anne Randi Naurstad, driftsleiar for veg, parkering og grønt i Stord kommune. Ho svara:

– Den vegstrekninga på Fjellgardsvegen, som me vurderte var dårlegast, låg inne i asfaltplanen for hausten 2023. Vegstrekninga vart difor frest og klargjort for ny asfaltering. På grunn av ugunstige vêrforhold, og soleis stor risiko for at kvaliteten ikkje skulle verte tilfredsstillande, vart asfalteringa utsett til våren i år.

– Grunna den økonomiske situasjonen til kommunen vert det innsparing i investeringsbudsjettet også på veg. Det er enno usikkert om me får pengar til asfaltering i år.