Saknar meir info i Onarheimsparken

Skiltet kom på plass i fjor vår. (Foto: Steinar Hystad)

Tilbakeblikk 13/01/2023: Det gjekk ein heil del år frå det vart fatta vedtak om namna på to parkar i Leirvik, til namneskilta endeleg kom opp. På seinvåren i fjor me kunne lesa at det heiter Baard Hauglands plass i Nordre Kaisving og at namnet på ytre del av moloen er Onarheimsparken. Stordront.no mottok nyleg innspel frå ein av dei mange som har parken under Storddøra som mål for turen langs hamna. I ein e-post skriv vedkomande:

–  Slik eg har forstått var det Lars Mugaas som i si tid kom med dette framlegget til stadnamn, som så vart godkjent i kommunen. Namnet skulle vera ein heider til industrimannen, samfunnsbyggaren og politikaren Onar Selmer Onarheim. Onarheim hadde og mange viktige roller i norsk næringsliv. I tillegg til det skal nemnast at han var fiskeriminister i Lyngregjeringa i 1963 , vararepresentant til stortinget og ordførar i Stord i to periodar. I tillegg til leiande år på  Stord verft.

–  Etter kvart er det mange på Stord som har Onarheim til etternamn. Dette både i fortid og notid. Nye generasjonar som har kome til har kanskje aldri høyrt om Onar Onarheim, og kva han har hatt å seia for utviklinga av samfunnet vårt. Mitt poeng, skriv innsendaren, er at kommunen bør følgja opp namnet Onarheimsparken, med ei informasjonstavle eller liknande som fortel kven dette namnet er meint å heidra.