Nye idear for område kring Olstjødno

Det er laga universell trimløype rundt Olsjødno, men området har kvalitetar til meir enn turgåing, meiner Rolf Atle Rolfsnes. (Foto: Steinar Hystad)

Fitjar kommune har bede om innspel til rulleringa av kommuneplanen sin arealdel, og mellom dei som har nytta høvet til å fremja nye idear for utnytting arealet kring Olstjødno under vindmølleparken, er Rolf Atle Rolfsnes. Han skriv mellom anna:

Med tanke på trivsel, folkehelse, folketalsutvikling, hyttebygging, turisme m.m., må me høyra på folket og omfamna gode forslag til nye investeringar. Dei økonomiske utsiktene er no ganske gode, og ein bør då snu seg rundt å visa handlekraft. Utvikling rundt Olstjødno.  Parkeringsplassen ved Olstjødno er utgangspunkt for fotturar, jogging, stolpejakt, skiturar m.m. Me har ei helsesport-løypa rundt vatnet og ein diskgolf-park som kan brukast, men det må jobbast vidare for ein tørr sti gjennom heile diskgolf-banen. Då bør ein samtidig vurdera om denne skal vera så brei at ein får eit utvida område for skiløyper med lys om vinteren. Det er òg planar om trimapparat og løype for stisykling i området. I tillegg må ein få på plass toalett. Alt dette bør ein få fortgang i med pengar i revidert budsjett til sommaren. Det er òg naturleg å tilretteleggja for kanopadling på tjødno i sommarhalvåret og ein akebakke med lys om vinteren.

Rolfsnes støttar opp om planar for badeanlegg i sentrum og skriv slik om «andre  prosjekt»: Fitjarøyane er eit eldorado for kajakk og båtturisme, og det kan gjerast mykje for at dette skal bli endå meir attraktivt, m.a. med lettare tilkomst/flytebrygger på fleire øyar, turstiar m.m. Ute i krinsane må det òg vera gode rekreasjonsområde, og ein må heia fram gode idéar og budsjettera for utvikling også der. På Rimbareid skule må gymsalen med garderobeanlegg gjerast noko med, og ein ny hall er truleg meir fornuftig enn totalrenovering av eksisterande bygg. Det er nok av helsefremjande tiltak å ta tak i, og eg ser fram til eit positivt samarbeid for utvikling på dette området framover, der politikarane ikkje er redde for å investera i folk si helse og trivsel.