Førre søndag, med dato 29. januar, var det mangt å gleda seg over på turen rundt Ådlandsvatnet. Eit snev av vår i lufta og dermed mange som nytta høvet til koma seg ut, for å nemna noko. Og dei som følgde ekstra godt med ved passering det velhaldne gardstunet på «Reset» på Vatna kunne gleda seg ekstra over synet av eit fuglabrett i særklasse. Eit heilt lite våningshus med foringsterrasse var stilt til rådvelde for velnøgde fykande gjester. Det var forresten denne søndagen fulgar på matsanking på bretta skulle teljast rundt i landet.