– Framtidsretta med ny veg Valvatnavågen – Rutle

Slik har Sagvågen Bygdalag skissa ny veg frå Valvatnavågen til Rutle.

Tilbakeblikk 31/03/2023: Sagvåg Bygdalag tek i  innspel til  arealdelen av kommuneplanarbeid til orde for  å byggja ny veg som kan leia dagens gjennomgangstrafikk utanom Sagvåg sentrum.  

Bygdalaget legg i forslaget starten til  kryss ut frå E39 ved botnen av Valvatnavåg og mot Sætravik-krysset,  der det blir stor rundkøyring.  Vidare gjennom Almås-skogen, over Knurrøya til ny rundkøyring ved Samfunnshuset og vidare til   ny rundkøyring  på Vaskeriplanet .  Så beine vegen nord-vestover til Rutle og påkopling  til dagens RV 545  mot Fitjar.

– Spart køyretid frå Rutle til Valvatnavågen vert om lag åtte minutt om ein skal sørover på E39, spart veglengde er om lag 6 kilometer.  Eit anna pluss med denne vegløysinga, er at  85% av anleggsarbeidet  vil gå føre seg vekke frå eksisterande busetnad og andre vegar.  Slik kan entreprenøren  få jobben gjort på ein trygg måte, utan  heile tida å bli hemma av trafikken i arbeidet.

På forslaget til  denne nyevegen er det skissa inn  sju kryss/avkøyringar på heile strekket.  Til samanlikning er det på dagens Sagvågsveg  på strekket Rutle- Heiane, 79 kryss og avkøyringar.

Bygdalaget  tipsar  om kva dei har fått til av nye vegar  på Bømlo  med innhenta midlar frå Bømlapakken.  Så kva med å  igjen aktualisera Stordpakken for å byggja ein framtidsretta veg?.