Flyttar nye vassrøyret frå tunnel til grøft

Grøfta for den nye vassleidningen følgjer vegen (t.h) oppover til Vaulane.  (Foto: Steinar Hystad)

Steinslaget i fjellpartiet mellom Vaulane og Lundsseter  Kraftstasjon viste seg  ueigna for tunnelboring, og difor er ein større  gravemaskin no i arbeid med å laga ny grøft langs vegen på same strekningen.  Dei blå røyra med tverrmål på  ca 60 centimeter som har lege lagra på parkeringsplassen ved kraftstasjonen eit langt år, skal såleis  flyttast frå tunnel til grøft. Den nye vassrøyra skal sikra at det kjem vatn i springen til stordabuen, dersom uhellet skulle vera ute med leidningen ein har sett si lit til i mange år alt.   Vassbakk og Stol er utøvande  entreprenør for prosjektet.

Var meininga dei skulle inn i fjellet i tunnel, men no vil nye vassleidningen bli lagd i grøft frå demningen i Vaulane nedover mot kraftstasjonen. (Foto: Steinar Hystad)