– Stord Petanqueklubb er tildelt å arrangera Noregsmeisterskapen i petanque 2024. Det er andre gong klubben arrangerer NM. NM blei sist arrangert i Leirvik sentrum, Amfisenteret, 21-24. juni 2018. Denne gong ønskjer me å bruka området ved gruvene på Litlabø som arrangørstad, det skjer i samarbeid med Vennelaget for Gruo.
Dette skriv klubben i brev til kommunen, der det vidare blir opplyst dei to arrangørane har hatt møter og er samde om rammene, og at dei er i gang med kartlegging av arealet for å finna nok speleflate eit slikt arrangement vil krevja. Meisterskapen vil gå over fem dagar, frå 26. til 30. juni, og det er rekna med 200 deltakarar.
Med brevet til kommunen blir det formelt søkt om å få bruka arealet kommunen eig på Litlabø, samstundes som ordføraren blir ønskt velkomen til den offisielle opninga av NM i petanque torsdag 27. juni kl. 0830 – 0930.