Tomas Sjødin til Stord

Thomas Sjødin

Helga 9. – 11. februar kjem Tomas Sjødin til Stord. Han har vore pastor i Smyrnakyrkja i Gøteborg i om lag 40 år der han no er leiar for eit stort sosialt arbeid med utdeling av mat til trengande i Gøteborg. Men framfor alt er han kjent som forfatter. Han skrive om livet slik det er, og kvardagen slik me opplever den. Han rører oss fordi me kjenner oss igjen i utfordringane han skrive om i bøkene sine. Han har tittler som «Det er mye du ikke må», «Den som har funnetsin plass tar ingen annens», «Lyden av stillhet», «Det skjer mens du hviler», «Stol på at det lysner».

I over 30 år har han vært fast spaltist i Gøteborgposten og i Sveriges radio har han «sommerprater» og «vinterpratar». Han har missta to søner i tenåra pga ein skjeldan hjernesjukdom. Dette er noko av det han også har skrive og fortalt om. Han er hedra av kongen for sin evne til å snakka om vanskelege og viktige tema. I NRK sin serie som dei kalla Fyrtårn er det eit program om Tomas Sjødin saman med Marco Elsafadi der dei fortel om livene sine.

Fredag ​​9. februar får me også med oss ​​Aina og Aril Schøld frå Stavanger. Dei er kjende frå Stavanger Gospel Company og gruppa Øklands. Dei er svært dyktige songarar og vil leia oss i fellessongen og syngja mykje for oss. Dei har også hatt eit tett samarbeid med Tomas Sjødin blant anna med fleire julekonsertar i Stavangerområdet. Velkommen til Leirvik bedehus og Stord kyrkje 9.-11.febr.

Denne helga er eit samarbeide mellom Stord kyrkje og Leirvik bedehus.

Svein Bjarne Aase

Aina og Aril Schøld