Skal stella fint med eldste bygget

Det svarte i den kvite  vinduslista på Hagerupshuset får negativ merksemd frå  «folk i gata» (Foto: Steinar Hystad)

– Da e’ ett stashus, no håpa eg berre di stelle fint me’ da.  Denne heiderlege omtalen, med ein liten ank kring vedlikehaldet, fekk Stordront sin utegåande  servert frå «mann i gata» som stod og såg på Hageruphuset her om dagen.  Han merka seg at  eldste huset på Vikjo trong vask og måling og fornying av vinduskarmar.  Etter at kafè-drifta stoppa nett for jul, er det blitt mindre trafikk inn til bygget, som er i kommunen si eige og sorterer under Eining for tekniske tenester.  Kva seier dagleg leiar Arne Bjelland, til hjartesukket frå innbyggjaren?

– Utan å kjenna til alle detaljar, kan eg lova at kommunen skal stella fint med den tradisjonsrike bygningen. Innspelet  frå han i gata tek me me med oss vidare i drøftingane om kva vedlikehald som skal gjennomførast, seier  Bjelland.