Engasjerande sogetimar

I det som i dag blir kalla Øvre Borggata var det  tidlegare både bankar, kommunehus,  slaktar og bakeri. (Foto: Serverin Kannelønning)

Kva hadde Stord, Fitjar og Tysnes til felles for ein del tiår sidan, som dei ikkje har i dag – men likevel har felles? Ingen lokale bakeri.

Med den bakgrunn vart det mykje matnyttig lokalsoge å få med seg heim frå Sogetimen i Museumshallen onsdag kveld. Ei engasjerande stund for fullsett sal, som strekte seg over to gode timar.

Kjellbjørg Lunde og Gunnar Strand ønskte vel møtt til Sogetimen i Musumhallen. (Foto: Steinar Hystad)

Stord Sogelag og Sunnhordland Museum var saman om det vellukka opplegget. Gunnar Strand var først ut,  med  bakerisoga for strekket frå Leirvik til Klingebergkaien på Rommetveit og Huglo for åra  frå slutten av 1800 til godt opp på 1900-talet.  Han fortalde om ei imponerande lang rekkje bakeri langs vegen, og mange som måtte gje seg – då det ikkje nett vart noko «big business». I starten var det  vedfyring som galdt, det betra seg monaleg når straumen kom og ein kunne skru på steikeomnen med ein enkel brytar.  Strand opna tidleg for replikkar frå salen, og dei kom jamt. Mange hadde gode minne og nye fakta å by på  frå tida med bakeri langs Borggata og  Hystadvegen.

Etter kaffi og radl, opna museet ein  gedigen godtepose i form av bilete frå Kannelønning-samlinga. Motiva var denne kvelden henta frå  gatene på Vikjo og viste  butikkar og folk  for om lag 100 år sidan. Bygningsvernkonsulent Bjørn Arve Lunde kommenterte levande og også her kome det nye faktainnspel frå salen.

Engasjerande timar som gav bod om at det må koma nye Sogetimar av dette slag om ikkje så lenge.

Her fortel Lars Mugaas kven som er på biletet av staben hjå Leirvik Dampbakeri. Bjørn Arve Lunde gav kommentar til den unike biletserien frå «gamla» Vikjo. (Foto: Steinar Hystad)