Gangbrua ein del av planen

Gangbrua er regulert som del av gangveg frå skuletomten til friområdet i Einarsdalen. (Foto: Steinar Hystad)

I si tid bygt for å losa elevane trygt over Fitjarvegen/Rv545  til Sagvåg skule.  «Nyeskulen» under Rukjen har alt vore i drift i 18 år, «gamleskulen» er for lengst riven  – medan gangbrua står fast. Og det skal ho framleis gjera, får Stordront stadfest hjå selskapet Skulen AS som eig området.

Gamle skuletomten er regulert til bustadføremål og gangbrua er i planane regulert inn som del av trygg gangveg over  hovudvegen til friområdet i Einarsdalen, nedom  den maritime barnehagen. Før pandemien råka, var skuletomten så godt som klar for reising av ei husværeblokk, men som så mykje anna denne perioden vart planar endra.  Tomten er framleis for sal.