Eldrerådet foreslår plan for frivillig sektor

Tove Dypå Lunde er leiar,  Nils Tore Gram Økland, er nestleiar i Stord Eldreråd denne valperioden. (Arkivfoto: Steinar Hystad)

Stord Eldreråd er mellom instansane som er beden om å gje innspel til kommunen sitt pågåande arbeid med planstrategi for valperioden 2024-2027. På møtet måndag denne veka vart det vedteke å senda slik todelt uttale:

  1. Eldrerådet ber om at arbeidet med planstrategien syter for at varierte og tilrettelagde bustader for eldre vert ivareteke i komande arealdel av kommuneplanen, eller bustadsosial plan. Dette er i tråd med stortingsmelding 24 Fellesskap og meistring – Bu trygt heime.
  2. Den frivillige sektoren er stor og mangfaldig, og ein viktig bidragsytar til velferd og trivsel i Stord kommune. I kommunale dokument, t.d. Plan for RHO, vert innsatsen frå frivillig sektor trekt fram som ein faktor ein reknar med på ulike område. Det manglar likevel ein overordna refleksjon omkring korleis frivillig sektor best kan utviklast og trivast og dermed vera ein sterk aktør i samfunnsbygginga. Eldrerådet foreslår difor at det vert utvikla ein plan for frivillig sektor.