– Er det grunnlag for å frykta fleire pengekutt?

Ulvar Akselsen (Ap) på talarstolen i rådhuset då det nye kommunestyret hadde første møtet i haust. (Foto: Steinar Hystad)

Etter å har lese pressemeldinga frå  kultursjefen om følgjene av  koalisjonen sine budsjett-reduksjonar  2024 for kultureininga,  har Ulvar Akselsen  (Ap) meldt grunngjeve spørsmål til ordføraren i neste kommunestyremøte:

«I kommunestyret 30. november 2023, under behandlinga av PS 65/23 stilte eg spørsmål knytt til løyvinga til Måndags- og Onsdagsklubben i budsjettforslaget som fekk fleirtal. Då budsjettet vart presentert, vart det sagt at ein redda Måndags- og Onsdagsklubben, men dei økonomiske rammene var ikkje like store som dei hadde vore det året eller tidlegare år. Eg stilte meg difor spørjande til korleis den reduserte løyvinga ikkje ville enda i redusert tilbod.  Eg fekk forsikring av leiaren for Utval for oppvekst og kultur om at dette ikkje ville ha negativ verknad for tilbodet og slo meg til ro med det. Men no kjem fram i ei pressemelding frå kultursjefen den 17. januar 2024  at tilbod i  Måndags- og Onsdagsklubben likevel vert redusert.  Spørsmåla mine til ordføraren:

  1. Kom dette kuttet  tilbodet uventa på ordføraren?
  2. Kva vil konsekvensane av kuttet, spesielt det at ein no går frå to til ein leiar, ha å seie for brukarane av tilbodet?
  3. Er det grunnlag for å vera bekymra for fleire utilsikta kutt eller reduksjonar i andre tilbod i tida framover, som ikkje vart gjort greie for i budsjettframlegget?.»