– Stord utpeikar seg svært positivt

Leirvik skule. (Foto: Steinar Hystad)

Vestland fylkeskommune er mellom instansane som har valt å koma med innspel til Kommunedelplanen for skulestruktur og skuleanlegg i Stord kommune.  Eit arbeid som skal gje svar på kvar det skal satsast  på nybygg og oppgradering  framover, med bakgrunn i ventande redusert elevtal. På eitt område gjev Vestland skryt til Stord kommune:

– «Fylkeskommunen vil vise til  «RTP-Strategi for mjuke trafikantar» – som er eit strategisk dokument for å få fleire til å gå eller sykle i fylket.  Eitt av delmåla er at 80% av elevane utan ordinær skuleskyss skal gå eller sykle til skulen. I samband med utarbeiding av strategien vart det skuleåret 2020/2021, gjennomført ei kartlegging av elevreiser i kommunane i Vestland. Tilsvarande undersøking vart gjennomført skuleåret 2023/2024. Stord kommune utpeikar seg svært positivt i kartleggingane, då berre om lag 10% av elevane har rett til skuleskyss grunna avstand eller farleg skuleveg. Det inneber at  dei fleste elevane har relativt kort og trygg skuleveg, og me vil sterkt oppmoda kommunen til å sikre ein skulstruktur som vidarefører desse kvalitetane», skriv fylkeskommunen.