Det er høg aktivitet i Storsalen med tilhøyrande rom i Kulturhuset om dagane. Stord teaterlag er no snart klare til å syne fram barnemusikalen “Alice i eventyrland” fritt etter Lewis Carroll i ei bearbeida utgåve med musikk av Henrik Slåen.
I fjor var det 29 aktørar som synte fram soga om “Robin Hood”, og i år er det heile 39 barn- og unge i alderen 8 – 15 år som sidan i haust har øvd på det som blir den 40. oppsetjinga til barne- og ungdomsgruppa. Nytt av året er at det er Hannah Belsvik Hansen og Line Hystad som har ansvar for instruks og regi, etter at veteranane Ingvild Johannesen og Sigrid Dahl Andersen gav seg etter mange tiårs innsats i teaterlaget i fjor.
I stykket møter me Alice som ein dag forsvinn inn i eit eventyrland der ho møter mange ulike og merksnodige figurar. Ho har eit sterkt ynskje om å finne vegen heim, men ingen av dei rare menneska og lure dyra ho møter er interessert i å hjelpe noko særleg. Men kjem ho seg heim likevel?
Kom til Stord Kulturhus i februar så kan du få svar. Premieren er laurdag 10.februar, med vidare forestillingar 11., 17. og 18.februar. Stykket høver for alle aldrar.