Utruleg kor fort snøen forsvann

For ei vekes tid sidan vassa me i snø som rakk nett oppunder knea, og tenkte at med slike mengder vil me har kvitt belegg over land og strand minst til 1. mai. Men så viste naturen krefter igjen og skrudde frå minus til pluss på gradestokken. Ikkje så mange varmgrader, men nok til at snøen tok skrekken og rann til sjøs i fossande fart. Og me kunne leggja broddar og piggskog på hylla for si stund, og det flittige brøytemannskapet rundt oss kunne pusta på. Takka for velgjort og god helg.

Har du forresten høyrt om dei som hadde det så travelt at dei berre hadde til tid å eta Kvikklunsj?

Prøver igjen med nokre «utanforlandske»  ordtak:

– Kvar ein enn kjem, står dørstokken på tvers.
– Der det er arbeid, er det lukke
– Dersom skaren ber ein vaksen mann ved sankthans tid, blir det sein vår
– Kvar er snøen frå i fjor.

Nokre ord på som var på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan:  

Gadd = stå heilt roleg, lea seg ikkje
Gandablåsa = hissig, arg kvinna
Gandakrabbe = hisssig, arg mann
Gandapose = hissig, arg gutunge
Gaspa = prata tøys og ha det moro