Frå fiskar til sokneprest

Fríðleif Lydersen frå Færøyane er ny sokneprest i Nysæter kyrkje. (Foto: Privat)

Fríðleif Lydersen er nytilsett sokneprest i Nysæter kyrkje. Han er oppvaksen i den vesle bygda Skalavik på Færøyane. Opphaveleg har han fiskefagutdanning og har jobba nokre år som fiskar. Men han er òg ein ihuga fotball- tilhengjar og har sjølvsagt «Liverpool in his heart». Om dette og vegen fram til menneskefiskar her hjå oss vil han fortelja meir om i samtale med Reidar Ådnanes under «Puls på livet» i Nysæter kyrkje tysdag 30. januar klokka 19:00. Musikkinnslag ved Kristina Nicholls og Noah Wibe. Enkel servering. Kollekt. Velkommen.

Dette melder Stord kyrkjelege fellesråd på sine heimesider.