Får nytt balustradedekk

Under presenningen akter blir det lagt nytt balustradedekk over salongen. (Foto: Steinar Hystad)

– Berre det beste er godt nok når eit stasfarty som veterandampen «Stord I» no får nytt balustradedekk.  Treverket kjem frå alefuru og vil gje reisande eit kvistfritt underlag å trø på når dei tek turen opp på taket av salongen akter. Me skal vera ferdige med oppdraget til påske, då skal  båten ut i charteroppdrag, fortel Kjell Bakke, dagleg leiar  for Skipstømraren på Jensaneset.

På kort tid har verftet hatt oppdrag på tre av dei mest kjende veteranskipa langs kysten: «Riskafjord», «Stavenes» og no «Stord I».

– På slippen er det også eit jamt køyr. Jo, me har godt om arbeid til alle åtte tilsette, seier Bakke – som har drive den historierike treverven  i 20 år.