– Jobbar med saka

Har lege slik i eitt års tid i Studalen. (Foto: Steinar Hystad)

I den praktiske biten av «puslespelet» med å rigga til for gatefotball  på  banen  i Studalen, har det vore stillstand siste året.  I vest-enden av området ligg kunstgras og mål som skulle brukast til baneanlegget. Har lege slik eitt års tid.

I den formelle biten av arbeidet har det vore ein viss aktivitet. Mest frå kommunal sektor, som har sett diverse krav i godkjenningsprosessen av gatefotballbingen. Binge for fotball er for annan konstruksjon å rekna enn grusbane, som har vore i på staden i mange tiår.

Frelsesarmeens rusomsorg i Haugesund, som har hand om gatefotballen på Stord, fekk  i slutten av november ein månads frist til å senda kommunen etterspurd dokumentasjon. Om så ikkje skjedde ville RBO-eininga avslutta saka.

Stordront.no har undersøkte med Frelsesarmeen i Haugesund  om kva som vil skje med ballbingen i Studalen, og fått til svar: – at det blir jobba med saka.