Koret Ichtus inviterer til konsert i med kjende og kjære salmar på programmet, i kveld (23.januar) i Nysæter Kyrkje (klokka 1930). Ichtus er eit blandakor som har lagt repertoaret til kristne songar – frå gospel til salmar. Kyrkjestova Fredheim på Døso er fast øvingslokale. På konserten er Noah Wibe med på piano og Åge Østrem på trompet. Fritt tilgjenge, melder koret.