Bluesfest på Stord Jazzklubb

Bjørn Berge går på scenen fredag. (Pressefoto)

Siste helga i januar vil jazzklubben konvertera til bluesklubb. Stord Jazzklubb prøver å gjenta suksessen med ei blueshelg siste helga i januar. Det vil bli servert ein kvalitetsmeny med stor variasjon innan tradisjonell tolvtaktarsblues og av smaksprøvar frå resten av den etter kvart så mangslungne og utvida bluessjangeren.

– Bjørn Berge er startar ballet fredag 26. januar. Berge elskar å eiga scenen åleine og ein ville trengja minst ei heilside om ein skulle ønskja å gi denne artisten, ein velslipt musikalsk diamant, ein fullverdig omtale, skryt Stord Jazzklubb på sine heimesider.

Laurdag 27. er det eit knallsterkt program som vert sparka i gang av  Kent Erik Thorvaldsen, Øyvind Stølefjell og Fredrik Zahl Marken.

Trioen Thorvaldsen, Stølefjell og Marken kickstarar laurdagen… (Pressefoto)

– Trioen er blant landet sine mest dedikerte musikarar når det kjem til tradisjonell blues frå 30-, 40- og 50-tallet. Tida då historia i låtane var viktigast. Nokre gonger i året spelar denne trioen saman, og det har du sjansen til å få oppleva når Stord Jazzklubb inviterer til Bluesfest. Dette blir ein feelgood blueskonsert som du ikkje må gå glipp av!

Sisteband ut er Jørgen Sandvik Permanent Vacation.

– Mange veit at den allsidige musikaren, vokalist og gitarist Jørgen Sandvik, etter kvart er blitt stordabu, og som bandnamnet tilseier, er han sjef for denne kvartetten. Med seg har han Anders Bitustøyl, Jan Petter Myklestad og Nils Are Drønen. Bandet spelar heftig blues med godt rom for improvisasjon. Repertoaret består av Jørgen sine eigne låtar og klassikarar frå bl.a. John Mayall og forbildet Peter Green.

Kom og lytt, kom og nyt! – er oppfordringa frå styret i den lokale jazzklubben.

For meir informasjon om tid og stad, sjekk Stord Jazzklubb sine vevssider.

…som seinare vert avslutta med Jørgen Sandvik Permanent Vacation, (Pressefoto)