Ny stor auke Skjersholmane – Ranavik

Stadig fleire bilar på dekk  med dei to ferjene som  pendlar mellom  Kvinnherad og Stord. (Foto: Steinar Hystad)

– I 2023 køyrde 209 102 bilar og motorsyklar om bord i ferja enten på Ranavik eller på Skjersholmane.  Reknar ein dette om i personbileiningar (pbe), vert talet  326.003. Det er  om lag 7.000 fleire enn året før. Det er verdt å hugsa på at 2022-talet på si sida var 18.800 høgare enn året før der, så veksten i sambandet dei siste åra har vore merkbar, skriv «Grenda».

Avisa minner i artikkelen om at 2023 elles var eit jubileumsår for strekninga. 1. mai i fjor var det nemleg 20 år sidan Skjersholmane erstatta  Leirvik  som anløpsstad, i det som skulle vera ei mellombels løysing…