– Minkar rett og slett på tolmodet

Engevik er blitt til Engjavik – men posten kjem ikkje heilt fram der til. (Foto: Steinar Hystad)

Boka «Posten i Fitjar» – stadfestar på side 84 at Fitjar kom med på det nasjonale postkartet for Noreg i 1859. 165 år seinare er ikkje posten heilt komen i rute  i heradet, går det fram at  e-post Rådhuset frå oppsitjar i Stranda krins. Han skriv:

«Som kjent har me her på Engevik/Engjavik levd i årevis utan adresse. Det skal ikkje mykje fantasi til å forstå kor bale dette har vore. Me trudde saka var løyst då me i haust fekk brev om at det frå då av var Engjavik som var tingen.»

Oppsitjaren gjekk straks i gang å melda omadressering til ulike etatar. Eit halvår er gått og han får melding frå både Brønnøysundregisteret, Sjøfartsdriektoratet  +++,  om at dei stadig får post adressert til Engjavik i Fitjar – i retur. Noko som har ført til mange timar ekstraarbeid og eit utal telefonar. – Det minkar rett og slett på tolmodet, skriv postkunden.

Som eit PS kan leggjast til at Postverket for rundt 100 år sidan såg seg nøydd til å endra namnet på postkontoret  Mehammar (i Stord kommune) til Midhamar, grunna for mykje samanblanding med Mehamn i Finnmark.