Hanballgruppa og Stord kommune sine Fellestenester har alt signert avtalen som sikrar elegant sambruk av flaggborga 17. mai, og pinsesaftan, som i år fell på 18. mai. Unge deltakarar kjem til årets Handballfestival utover ettermiddag og kveld nasjonaldagen, og laurdag blir det tradisjonen tru laaangt og fargerikt tog med flaggborg i front frå Vikahaugane til Torget. Overlevering av dei 12 kommunale flagga i «borga» vil skje i kveldinga den syttande.
I avtalen inngår at Handballfestivalen får bruka heile torget til opningsseremonien.