Jubilerte og imponerte

Ingrid Lethaug Mjånes  og Ole Jakob Hystad var solistar med  Stord Musikklag i eit par svingande jazzlåtar. (Foto: Steinar Hystad)

Med sine 125 år i janitsjarmusikken si frivillige teneste, er Stord Musikklag mellom dei eldste aktive korpsa i landet.  Når konferansier  Jørn Olav Myhre under nyttårskonserten i Kulturhuset laurdag så spurde ut i salen om me nokon gong har høyrt musikklag  spela betre enn no – vart svaret faktisk nei. Ikkje berre var det gilde musikknummer korpset med mange nye medlemer baud på, det var også presis staslyd frå  alle ledd, ut til eit publikum som lytta stille og intenst, og takka for tonane med intens applaus. Altså:  – Ein gledesspreiar av ein nyttårskonsert, der me også fekk nyta song  frå Ingrid Leithaug Mjånes og smekre  altsax-tonar frå  Ole Jakob Hystad i to sterke jazzlåtar. Og me vart kjende med musikklaget sin nye dirigent Paul Hughes, som leia det heile med sikker taktstokk.  I mars dreg det jubilerande  korpset til NM i Trondheim, og me ønskjer lukke til, alt me kan. 

Yonas Tesfa imponerte med sologitaren. (Foto: Steinar Hystad)

Unge Vonas Tesfa entra scene- og gav med elegant sologitarspel ei solid stadfesting på at det gror godt i dei unge rekker i Kulturskulen. Godt levert.

Det er ein god tradisjon blitt, at ordførar og kultureining brukar nyttårskonserten til høgtidlege overrekking av kommunale  prisar og stipend.

Etter tur bad ordførar Sigbjørn Framnes  (FrP) og kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen vinnarane koma på scenen og motta kunst, blomar og gode ord.:  Målprisen til Gamle Fengselet Kulturhotell, Eldsjelprisen til Neeta Sankholkar,  Kulturprisen til Marta Tveit og Jens Litlabø, Pris for godt tilgjenge til Stord Mental Helse og Kulturstipendet til Astrid Jordåen.