Snart tid for «re-start» på benken?

Ordførar Sigbjørn Framnes vil gjera som ordførarar for han – møta stordabuen på benken på Amfi. (Foto: Jakob Vik)

– For ei tid sidan, før pandemien, bruka ordføraren å sitja på denne benken 1 time kvar fredag,  slik at folk som hadde noko på hjarta om kommunepolitikken kunne spørja han direkte. Kanskje på tide å ta opp att den ordninga?

Jakob Vik har sendt  Stordront.no dette grunngjevne spørsmålet, vedlagt bilete av ein førebels tom ordførarbenk i Amfi Stord. Kva seier ordførar Sigbjørn Framnes om innspelet?

– Joda, eg vil så absolutt halda fram med desse uformelle møta mellom veljarar og ordførar. Så lang i mi nye teneste har fredagane  for kommunedirektøren og meg blitt brukte til å besøka skular og kommunale institusjonar. Me nærmar oss målgang på den runden og då reknar eg med at  det blir fredagstime på Ordførarbenken. Det ser eg fram, lovar Framnes.