Er blitt ein god time lysare

Særleg i desse dagar med ein  halvmeter lysande snø på flat mark, merkast det at den lyse delen av døgeret varer ein god time lenger enn då sola snudde 21. desember (i fjor). I så måte hadde me sett pris på at vervarselet for  helga og komande dagar ikkje er rett.  For regn treng me ikkje no, då blir det subbe å ta seg fram. I mellomtida sender me stor takk til alt brøytemannskap som har gjort  vegar og fortau godt framkomelege. God helg.

Nokre ordspel om uhell
– Når uhellet er ute, er det best å vera inne. (Norsk)
– Ein tømer ikkje tårer over andre sine uhell (Dansk)
– Gløym eit uhell, det kjem fleire (Svensk)
– Om ein kunne velja uhell frå ein bunke, ville dei fleste ta uhellet dei er vane med(Dansk)
– Det kan lett skje, det som ikkje skal skje (Islandsk)

Så rundar me av med ord som var på veg ut av stordamålet alt for 50 år sidan, samla av Ola Høyland.
Foremøsa = påskot, orsaking i mesta laget
Forsjådleg = for seg, og flink til å greia seg
Fronten = sur, tverr
Frøsa = sagt om dyr når dei bles i nasa åt noko
Fus = ivrig, huga