Klart for Nyttårskonsert og prisutdeling

– Nyttårskonserten gir oss eit høve til å presentera musikk me har jobba med – og skal jobba med framover i denne sesongen. Me i laget ser alltid fram mot denne ettermiddagen, der me skal spela musikk som m.a. skal nyttast i samband med NM i mars. I tillegg vil me spela underhaldningsmusikk der de får møta ein glimrande vokalist busett på Bømlo, Ingrid Leithaug Mjanger, og Stord sin hardtswingande saxofonist Ole Jacob Hystad.

Dette skriv Stord Musikklag (skipa i 1899) i programhelsinga til konsert  laurdag komande kl. 1700 i Kulturhuset. Paul Hughs er ny dirigent for janitsjarkorpset.

Om solistane: Ingrid Leithaug Mjanger har m.a. blitt tildelt Vestnorsk Jazzsenter og Nattjazz sin talentpris, og hatt fleire konsertar på Nattjazz. Ho har også vunne konkurransen «Jazz i sikte», spelt og sunge m.a. Sondre Lerche og Natalie Nordnes. Ole Jacob Hystad, saxofonar – skulle vera kjend for dei fleste, både lokalt, regionalt og nasjonalt. Han har, i tillegg til å ha gitt ut fleire plater under eige namn, spelt med det gjævaste av nasjonale og nordiske storleikar innan jazzen.  Musikalsk gjest på gitar blir Yonas Tespa, frå kulturskulen.

Stord kommune vil tradisjonen tru, dela ut ulike prisar i løpet av konserten.  Ordførar Sigbjørn Framnes, og kultursjef Anne Lene Østvold Jordåen vil stå for denne delen av programmet. Målprisen til Gamle Fengselet Kulturhotell, Eldsjelprisen til Neeta Sankholkar,  Kulturprisen til Marta Tveit og Jens Litlabø, Prisa for godt tilgjenge til Stord Mental Helse og Kulturstipendet til Astreid Jordåen.