Gode tal frå Stord folkebibliotek i 2023

Bibliotekar Elin Mariboe kan gleda seg over auke i besøkstala ved Stord folkebibliotek. (Foto: Steinar Hystad)

Besøket har auka med 11%
Med 31.888 besøk, vil det seie at kvar innbyggar i gjennomsnitt har vore på biblioteket 1,6 gongar.

Utlånet til born har auka med 24%.
Me opna ny 0-3 års avdeling i desember 2021 – dette frigjorde plass i barneavdelinga. Besøket av barnefamiliar har etter dette auka jamt og trutt – dei har no ein kjekk møteplass med fleire sitjeplassar, og dei lånar bøker!

Utlånet til vaksne har auka med 27%.
Me har satsa på faste arrangement i to år no, og det byrjar bli innarbeida. Økt besøk av vaksne på arrangement gir og auka utlån av bøker.

Gladsak
Ei skikkeleg gladsak er at me hausten 2023 fekk me ein ny tilsett som sjølv har vore innvandrar til Noreg, og besøket på språkkaféen i biblioteket auka frå 38 til 88 i gjennomsnittleg besøk kvar gong.

Stord treng ein gratis møteplass for alle!
I ei usikker tid er dette gode tal for Stord folkebibliotek. Det er ingen tvil om at biblioteket er ein viktig møteplass for dei som bur her.