«Automatiske» dører på kalde dagar

Stort varmetap på venterommet, med døra på «vidt gap» i minus seks grader. (Foto: Steinar Hystad)

På rusletur på kaiområdet i Rosendal vart Stordront så misunneleg på dei som må venta på buss eller båt i Baronibygda, at me beint måtte knipsa eit bilete skryta av det flotte anlegget. Der står eller sit ein innandørs, i motsetnad til på Leirvik Bussterminal, med sine halvopne skur.

Så les me ein  vinterdag i Kvinnheringen at tilhøvet ikkje er så 110 prosent kjekke som me fekk inntrykk av. Det skuldast verken bygg eller venteromet slik generelt, men den automatiske døra som gå opp «av seg sjølv» og slepp folk inn – og varmen ut, samstundes. Tilhøvet, vart påpeika av ein passasjer som melde frå til Skyss, som igjen tok varmetapet opp med Kvinnherad kommune.

Stordront.no fekk ei ekstra påminning om venteromskulden i Rosendal då me rusla langs Nattrute kaien på Leirvik i seks minusgrader onsdag. Den «automatiske» døra ved Snøggbåtterminalen stod på «vidt gap» og ingen ventande var å sjå…