Medlemer av kommunestyret og andre med tillitsverv i Stord kommune har i løpet av første månaden i år fått tilsendt, og sendt i retur signert «Teiingslovnad». Også tilsette i kommunen må signera ein slik lovnad. Det dei signerer for, er:
«Eg gir med dette lovnad om teiing om det eg får kjennskap til om folk sine personlege tilhøve»
Lovverket er strengt på dette området:
«Eg er gjort kjend med at brot på teieplikta kan vera straffbart og m.a. vera grunn for oppseiing av eit arbeids- eller tenestetilhøve elller tap av tillitsverv m.m. jf Lov av 10. februar 1967…»