Det er travle dagar for brøytemannskapa, og du og oss andre kan vera med å gjera jobben litt lettare ved å følgja oppmodinga lagt ut på kommunen si nettside tysdag:
«Brøytemannskapa våre opplever ofte at bosdunkar står i vegen for brøyting og strøing. Tekniske tenester ber difor om at de ikkje let bosdunkane stå i vegbana unødig lenge.»