– Er det noko som kan gjerast for å sikra gangvegen, slik at mopedar ikkje kan køyra gjennom?
Gangvegen mellom Trodlahaugen og Hjortåsen er klart og tydeleg skilta, likevel ser oppsitjar i bustadfeltet seg nøydd til å be om hjelp frå kommunen (vegeigar) for å få slutt på plagsam, og ulovleg mopedkøyring. Dette skjer på både dag- og kveldstid, går det fram av meldinga til kommunen.