Feiaren aukar fokuset på tilsyn

Feiren fokuserer med på tilsyn og feiing etter trong. (Foto: Steinar Hystad)

Rekning  på «feiing og tilsyn»  er ein del av dei faste kommunale gebyra, men feiaren er ikkje like ofte å sjå med kosten på hustaket som tidlegare  Det har sin gode grunnar, går det fram av eit forklarande brev brann- og beredskapsleiar Trond Helge Søreide i Fitjar har sendt ein spørjande kunde. 

Her heider det:

«Feiing og tilsyn er behovsprøvd og hyppigheit avhenger av ei fagleg vurdering frå brannførebyggjar (feiar). Behovet for feiing vert vurdert utifrå samtale med eigar om fyringsmønster, samt parameter som sotmengde, type skorstein og type eldstad. Det er frå sentralt hald gjeve føringar for at tenesta skal ha auka fokus på tilsyn, og berre feia der det er behov. Innbyggjarar og hytteeigarar vil difor oppleva at det no i hovudsak vert varsla tilsyn, og me vil på tilsynet vurdera kor ofte det er naudsynt med feiing. Dei fleste fritidsbustadane i Fitjar skal no ha fått varsel om tilsyn og feiing, og målet er at alle skal ha fått varsel i løpet av 2024. Fitjar kommune krev årleg gebyr for feiing og tilsyn etter sjølvkostprinsippet. Dette gebyret dekkjer tilsyn med fyringsanlegget, feiing, og dessutan råd og rettleiing om ein har utfordringar med eldstaden/fyringa. Gebyr for feiing og tilsyn vert fastsett gjennom den lokale gebyrforskrifta. Fitjar kommune har no ny lokal forskrift om gebyr for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ute på høyring.»

For ordens skuld. Legg me til at Fitjar kjøper sine feiar og tilsyntenester hjå Stord kommune.